Dårleg oppslutning mellom kommunane avgrensar tilbodet til seksuelt misbrukte i Sunnhordland.
STORD: – Lokalkontoret på Stord har brukarar frå åtte av kommunane i regionen. Likevel er berre fire av desse med og støttar tilbodet økonomisk. Slik det ser ut, vert det berre aukande behov for tilbod til foreldre med utsette born, fortel Bjørg Nilsen, fagleg rettleiar, og ein av tolv tilsette ved SMIH.
Det ovenstående er et sitat fra en artikkel som stod i Haugesunds Avis 16. mars 2011.
Artikkelen er gjengitt i sin helhet under.
Med tillatelse fra Haugesunds Avis.
Dårleg oppslutning mellom kommunane avgrensar tilbodet til seksuelt misbrukte i Sunnhordland.
STORD: – Lokalkontoret på Stord har brukarar frå åtte av kommunane i regionen. Likevel er berre fire av desse med og støttar tilbodet økonomisk. Slik det ser ut, vert det berre aukande behov for tilbod til foreldre med utsette born, fortel Bjørg Nilsen, fagleg rettleiar, og ein av tolv tilsette ved SMIH (sjå faktaboks).
Lokalkontoret på Stord har 49 brukarar, i tillegg til mange oppringningar. Både Stord, Etne og Tysnes er med og støttar opp, medan Sveio, Kvinnherad, Fitjar, Bømlo, og Austevoll gjer det ikkje.
Stor gjevar
– Særleg Stord kommune, med 38.000 kroner i tilskot i år, er med og held drifta oppe. Dei har støtta oss med ulike beløp sidan 2007, fortel Nilsen. Like nøgd er ho ikkje med Kvinnherad og dei andre kommunane.
– Me har bedt om 12.000 kroner frå Bømlo, 13.000 kroner frå Kvinnherad, og 6.000 kroner kvar frå Fitjar og Sveio. Det er urettvist at nokre kommunar skal «sko» andre kommunar sine tilbod. Beklageleg, presiserer rettleiaren.
I barnehagar
SMIH har eit tverrfagleg personale, alle med spesialkompetanse innan overgrepsproblematikk. I tillegg til personlege samtalar, arbeider ein også via telefonsamtalar, er samarbeidspartnarar for skuler, barnehagar, helseapparatet, og andre instansar.
– Senteret er eit lågterskeltilbod, både for dei som er utsett for overgrep- og pårørande. Me gjev dei mulegheit til auka livskvalitet, seier Nilsen, og legg til at ho helst såg at kontoret på Stord kunne ha oftare ope enn berre to gonger i månaden.
– For det er det behov for, sluttar ho.
Ikkje på budsjettet
– For vårt vedkommande ser eg ingen økonomisk mulegheit til å støtta senteret, og har difor ikkje sett av midlar til dette i år, seier Kjell Sigbjørn Røssland, leiar for tiltak- og rådgjevingstenesta for vaksne i Kvinnherad kommune.
– De har sjølv 20 brukarar ved senteret sitt lokalkontor. Ser du behov for å behalda tilbodet?
– Dei gjer eit viktig og godt arbeid der, og det er mange slike tiltak me burde ha stetta, men har ikkje økonomi til det, seier Røssland.
Rådmann i Fitjar kommune, Atle Tornes, viser også til budsjettet.
– Me får mange slike søknader om støtte til ulike tiltak, men andre prioriteringar gjer at men ikkje kan seia ja, kommenterer han.
Ved Sveio kommune har dei inngått liknande avtalar med andre instansar.
– Me har avtale om interkommunalt samarbeid kommunane på Haugalandet og støttar opp om Valdtektsmottaket knytt til sjukehuset i Haugesund, kommenterer kommunalsjef Bjørn Gilje. Rette vedkommande i kommunane Bømlo og Austevoll var diverre ikkje å få tak i.
Skrevet av journalist Signe Kristin Hovland, Haugesunds Avis