Hjarte, kvi er du så urolig i kveld?
Kvifor græt du
langsomt og sårt i kvide -
syrgjer du over tapte år -
over barndomslandet
du aldri fekk del i?
Gråt ikkje, hjarte.
Enno kan våren koma til deg.
Enno kan du draga
grøne spirer opp or svart mold -
enno kan du fanga solstrålane
som spelar i susande lauv.
Enno kan det veksa og bløma hjå deg
som i ein Edens hage
-berre du har tolmod
og ikkje ser deg tilbake
Jorunn Vadlid Svellingen